Finnøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finnøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1141
Fylke Rogaland
Adm.senter Judaberg
Areal 106 km²
Folkemengd 3 015 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Gro Skartveit (V)
Målform Nynorsk
Nettstad www.finnoy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1141.svg
Finnøy kommune på Commons

Finnøy er ein øykommune i Rogaland fylke. Området ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Kommunen har grenser mot HjelmelandOmbo og grenser mot Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn over sjø.

Øyar med folkesetnad er Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Ombo, øygruppa Fisterøyane og øygruppa Sjernarøyane. Den største øya er Ombo, ho er delt mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland.

Sjernarøy var tidlegare ein eigen kommune og øygruppa omfattar Aubø, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy, Nord-Hidle, Nord-Talgje og Tjul.

Fisterøyane er dei øyane som tidlegare var del av Fister kommune omfattar Byre, Bokn, Måløy og Halsnøy.

Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Tettstaden Judaberg på Finnøy er kommunesenter.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Reising mellom øyar og ut av kommunen har tradisjonelt føregått med ferjer og hurtigbåtar, men Finnøy og Talgje blei landfaste med Finnfast i 2009. Året etter blei òg brua mellom Nord-Talgje og Tjul opna, noko som inneber at seks av sju øyer på Sjernarøyane er bundne saman med veg.

Fortid[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne mange minne frå tidlegare tider i kommunen. Det eldste funnet er bein frå ein isbjørn som er rundt 10 600 år gammalt. Den eldste buplassen, på Bjergøy i Sjernarøyane, er 5-6000 år gammal.

Av dei ni mellomalderkyrkjene i Rogaland har Finnøy to. Talgje kyrkje frå rundt 1140 på Talgje og Hesby kyrkje frå rundt 1200 ligg på Finnøya. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje frå 1637.

Huset til utvandrarpioneren Cleng Peerson står på Kindingstad ved Ladstein på Finnøy.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i Finnøy er jordbruk, havbruk og turisme. Nesten 50 % av dei sysselsette arbeider innanfor landbruk. Tomatdyrking har ein særskild plass i økonomien. Eggproduksjon er òg viktig med 155 000 verpehøns i kommunen i 2003.

Kjende finnøybuar[endre | endre wikiteksten]

  • Ogmund Finnsson frå Hesby, som var drottsete og styrde Noreg for danskekongen i to periodar på 1300-talet, har minnesmerke ved Hesby kyrkje.
  • Asgaut Regelstad var med i Eidsvollsforsamlinga i 1814, og er òg minna ved Hesby kyrkje
  • Niels Henrik Abel (1802-1829) vart fødd på Finnøy prestegard, og vart sidan ein framifrå matematikar (minnesmerke ved prestegarden)
  • Alfred Hauge frå Kyrkjøy var ein velkjend etterkrigsforfattar, og er minna ved Sjernarøy kyrkje
  • Kolbjørn Hauge, forfattar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]