Ona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ona
Fiskeværet Ona sett frå fyret oppe på Onakalven
Fiskeværet Ona sett frå fyret oppe på Onakalven
Geografi
Norway - Ona.png
Stad Romsdal
Koordinatar 62°51′54″N 06°32′46″EKoordinatar: 62°51′54″N 06°32′46″E
Areal 0,8 km²
Høgaste punkt Onakalven (22,6 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Demografi
Folketal 34
Folketettleik 43 /km²

Ona er ei øy i Sandøy kommune i Møre og Romsdal fylke, og har 34 fastbuande. Øya ligg i havgapet ytst på Romsdalskysten og var opphavleg eit fiskevær.

Ona består av dei to øyane Ona og Husøya. På Onakalven, det høgaste punktet på øya, står Ona fyr som vart bygd i 1867 og er 14,7 meter høgt. Fyret er eit kjend turistmål, og mange turistar vitjar øya kvart år. I seinare tid har øya òg vorte kjend for keramikkproduksjon.

Fiskeværet Ona med Ona fyr øvst på Onakalven

I 1670 feia ei flodbølgje over øya under ein storm og tok med seg dei fleste husa der og mange menneske, men samfunnet vart med tida gradvis bygd opp att.