Ålesund kommune
| Ålesund kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1504 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Adm.senter | Ålesund |
| Areal | 98 km² |
| Folkemengd | 44 439 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Bjørn Tømmerdal (H) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.alesund.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Ålesund kommune på Commons | |
Ålesund er ein bykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen Ålesund er i dag regionssenter for heile Sunnmøre. Ålesund kommune fekk sine noverande grenser i 1977 da Sula vart skilt ut som eigen kommune. Ålesund er kjend for sine mange bygningar i jugendstil (Art Nouveau) — bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904.
Ålesund kommune måler ca 98 km². av dette er 8 km² jordbruksareal. Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.
Byen ligg nær både rike fiskebanker og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 50- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.
Andre industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje.
Innhaldsliste |
Historiske hendingar [endre]
Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn frå Bergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.
Bybrann [endre]
23. januar 1904 vart Ålesund ramma av ein brann. Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co.s fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vestanfor det som i dag blir kalla Brusdalshagen, det vil seie Borgundvegen 39. Det siste og austlegaste huset som brann, stod der Borgundvegen 37 står i dag. Totalt gjekk det med om lag 850 hus, og berre om lag 230 hus stod att innanfor bygrensene. Berre ein person omkom under brannen.
Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært i Noreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av det Tyskland i Keisar Wilhelm IIs namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørga han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbygginga kom i gang for fullt utpå hausten 1904. Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist.
Sjå òg Bybrannen i Ålesund 1904.
Kultur [endre]
Ålesund held festivalar året gjennom, nokre av dei største inkluderer:
- InnoTown - forretningskonferanse (vår)
- Matfestivalen - festival med fokus på norsk mat (sommar)
- Ålesund Teaterfestival - teaterfestival (vinteren)
Verd å vitja [endre]
- Jugendstilsenteret, det nasjonale formidlingssenteret for jugendstilen
- Aalesunds Museum, bymuseum med krigshistorisk avdeling
- Fiskerimuséet i Ålesund
- Ålesund Akvarium, det største akvariet i Noreg
- Sunnmøre Museum, regionmuseum for Sunnmøre
Venskapsbyar [endre]
Kjende folk frå Ålesund kommune [endre]
- Anton Alvestad (1883–1956), bakar, arbeidarpolitikar og avhaldsmann.
- Arne Birkevoll sr. fødd 1911, handelsmann, organisasjonsmann og motstandsleiar.
- Grethe Westergaard Bjørlo, fødd 1932, arbeidarpolitikar og lærar.
- Per Bolstad, (1875–1967), musikar og gammaldanskomponist.
- Ola Skjåk Bræk, (1912–2000), bankmann, politikar og skribent.
- Ivar Flem, (1865–1948), aviseigar og redaktør.
- Asbjørn Gjærde (1939– ), journalist og forfattar.
- Harald Grytten, byhistorikar og forfattar.
- Marianne Heske, fødd 1946, kunstnar.
- Leif Hovde, fødd 1943, lærar, speiderleiar og lokalpolitikar
- Olav Høydal, (1929–1986), arkitekt, overingeniør og byplansjef.
- Hartvig Kiran, (1911–1978), radiomann, lyrikar og omsetjar.
- Arthur Klæbo, (1908–1985), radiomann.
- Nils J. Liaaen, (1902–1974), skipsbyggar og politikar.
- Monrad Norderval, (1902–1976), prest og biskop.
- Amanda Cicilia Olsen, (1887–1967), journalist
- Ørnulf Opdahl, fødd 1944, kunstnar.
- Jonas Peson, (1887–1952), kunstnar.
- Bjarne Rabben, (1907– ), forfattar, lokalpolitikar, målmann, bonde, avhaldsmann og ferdatalar.
- John Arne Riise, fødd 1980, fotballspelar. Aalesunds FK, AS Monaco FC (1998-2001), Liverpool FC (2001- )
- Arild Rypdal, fødd 1934, forfattar.
- Joachim Rønneberg, fødd 1919, radiomann og offiser.
- Edvin Solem, (1900–1965), musikar og organist.
- Olav Sunde, fødd 1920, industrimann.
- Gyda Sødring, (1846–1935), sanitetskvinne.
- Ambrosia Tønnesen, (1859 –1948), kunstnar.
- Anders N. Aarsæther, (1872–1939).
- Peder Elibert Tonning,(1847 – 1927), forretningsmann og konsul.
Anna [endre]
- Det lokale fotballaget heiter Aalesunds FK
- Gangerolf, som danna det normanniske vikingdynastiet i det nordlege Frankrike, kom frå Giske, nordvest for Ålesund. Han er minna med ein statue byen Rouen i Normandie gav til Ålesund i 1911, tusen år etter at han slo seg ned i Frankrike.
- Ålesund har òg gitt namn til Ny-Ålesund på Svalbard
Bakgrunnsstoff [endre]
- Ålesund kommune si heimeside
- Jugendstil senteret si heimeside
- Ålesund hamn med webkamera
- Bybrannen i Ålesund
- Sunnmørsposten, også kalla Vigra-bibelen
- Sunnmøre Museum
- Ålesunds Museum
- Sunnmøre Historielag
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |