Flodbølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei flodbølgje slik den japanske kunstnaren Hokusai såg henne for seg.

Flodbølgjer er ekstremt store bølgjer som ikkje er forårsaka av vind og straum, men av jordskjelv, ras, vulkanutbrot, meteorittnedslag eller andre kraftige, brå hendingar.

Dei største flodbølgjene vert kalla tsunamiar, frå det japanske ordet hamnebølgje som kom til etter at fiskarar kom heim til fullstendig øydelagde hamner utan at dei sjølv hadde merka noko til flodbølgja. Ein tsunami har nemleg den spesielle eigenskapen at han nesten ikkje gjer frå seg energi i djupt vatn. Tsunamiar har ei bølgjelengd som er stor i forhold til djupna, og kan forplante seg over store avstandar. Tsunamiar flyttar seg med snøggleiken , der er lik 9,83 m/s2, og er djupleiken på den staden flodbølgja startar. Snøggleiken kan koma opp mot nesten 1 000 km/h. Når ein tsunami nærmar seg land, vert han bremsa etter kvart som sjøen grunnar. Inne ved kysten er snøggleiken normalt rundt 100 km/h. Grunnen til at det kan bli så store øydeleggingar, er at volumet av ei flodbølgje er omvendt proporsjonal med snøggleiken, slik at bølgjehøgda aukar sterkt inne ved land.

Tsunamiane skjer oftast i Stillehavet.

Varsling[endre | endre wikiteksten]

I Stillehavet vert det nytta eit varslingssystem der ein registrerer ristingar i havbotn ved hjelp av seismografar eller der vekta eller trykket av havvatnet vert registrert av trykkmålarar på botn. Dette vert signalisert til målestasjonar på land via satellitt. Så lenge det er ein viss avstand frå utgangspunktet og til land, har ein tid til å setje i gang tiltak. Vert bølgjene utløyste for nær land, kan det hende at varlingssystemet ikkje gjev ein nok reaksjonstid. Ei anna ulempe er at varlingssystema ofte gjev falske alarmar. Ikkje alle kraftige undersjøiske jordskjelv medfører tsunamiar, til dømes om rørsla i brotsonen på havbotn hovudsakleg er horisontal. Det vert arbeidd med å lage varslingssystem som gjev færre falske alarmar.

Etter tsunamikatastrofen i 2004 vert det arbeidd med å få på plass varslingssystem i Indiahavet, Det karibiske havet, Middelhavet og Nord-Atlanteren.

Store flodbølgjer[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjende og øydeleggjande flodbølgjene i historisk tid[endre | endre wikiteksten]

Tsunami på øya Malé i Maldivane
  • 26. desember 2004 – Det kraftigaste jordskjelvet på 40 år utløyste bølgjer som for tusenvis av kilometer gjennom Indiahavet, og skylde innover fleire asiatiske land. Over 20 000 menneske omkom. Ikkje sidan 1896 har så mange blitt drepne av ein tsunami.
  • 17. juli 1998 – Eit jordskjelv til havs utløyste bølgjer som råka nordkysten av Papua Ny-Guinea, tok livet av kring 2 000 menneske og gjorde tusenvis heimlause.
  • 16. august 1976 – Ein tsunami drap 5 000 menneske i Morogulf-regionen på Filippinane.
  • 28. mars 1964 – Eit jordskjelv i Alaska sendte av garde bølgjer som blant anna heilt øydela tre landsbyar. 107 menneske omkom i Alaska, fire i Alaska(?) og 11 i California.
  • 22. mai 1960 – Ei flodbølgje som vart rapportert å vera 11 meter høg, tok livet av 1 000 menneske i Chile og skapte store øydeleggingar på Hawaii, der 61 menneske omkom. Bølgja råka òg Filippinane, Okinawa og Japan.
  • 1. april 1946 – Eit jordskjelv i Alaska skaper ein tsunami som tek med seg eit fyr og ein fyrvaktarbustad og drep fem menneske. Nokre timar seinare nådde bølgja Hawaii, og 159 menneske der omkom.
  • 31. januar 1906 – Eit jordskjelv genererte ei flodbølgje og tok livet av mellom 500 og 1 500 menneske i Colombia og Ecuador.
  • 17. desember 1896 – Ein tsunami skylde vekk hovudgata og delar av ei demning i Santa Barbara i California.
  • 15. juni 1896 – Tsunamien Sanriku råka Japan utan forvarsel. Ei bølgje berekna til å vera 23 meter høg, trefte ei folkemengd som hadde samla seg i samband med ei religiøs høgtid, og drap meir enn 26 000 menneskje.
  • 27. august 1883 – Eit utbrot frå vulkanen Krakatau utløyser ei ovleg bølgje som skylde innover kysten på Java og Sumatra. 36 000 menneske omkom.
  • 1. november 1775 – Eit historisk jordskjelv i Lisboa skapte bølgjer på oppimot 6 meter, som råka Portugal, Spania og Marokko.
  • 21. juli 365 – Tusenvis vart drepne i byen Alexandria i Egypt då ei flodbølgje oppstod i det austlege Middelhavet.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Flodbølgjer utløyst av fjellskred frå land:

Minitsunami i Oslofjorden forårsaka av skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Media har skrive om skip på 75.000 tonn (som er såkalla Kielferjer) med fart på opptil 23 knop som har forårsake mini-tsunami i Oslofjorden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Furseth, Astor (2006): Skredulykker i Norge. Tun forlag.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Oslofjorden