Onsala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°25′27.973″N 12°1′53.051″E

Onsala kyrkje er frå 1100-talet

Onsala er ein svensk tettstad i Kungsbacka kommun i Hallands län i Halland. I 2011 hadde tettstaden 11 951 innbyggjarar.

Tettstaden ligg på austsida av halvøya Onsala mot Kungsbackafjorden. I 1970-åra var det stor bustadbygging her og framover er dei tidlegare småstadane Gottskär, Vickan, Rydet og Oscarsberg vokse saman, slik at busetnaden no dannar eit samanhengande belte langs heile austkysten av halvøya. Ein del arbeidsplassar finst innan reiselivsnæring og småindustri, men pendling til Kungsbacka og Göteborg er særs utbreidd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]