Kungsbacka kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kungsbacka kommun
Kungsbacka vapen.svg
Kommunevåpenet til Kungsbacka kommun
Len Hallands län
Landskap Halland
Centralort Kungsbacka
Areal 647 km²
 – Landareal 611 km²
 – Vassareal 35 km²
Folketal 73 645
Folketettleik 113,8/km²
Kommunenummer 1384
Nettside www.kungsbacka.se
Kart
Kungsbacka Municipality in Halland County.png

Kungsbacka kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor lenet til Varbergs kommun i sør. I tillegg grensar han til fire andre kommunar i Västra Götalands län. Desse er Göteborgs kommun, Mölndals kommun og Härryda kommun i nord, og Marks kommun i aust. Administrasjonssenteret i kommunen er Kungsbacka. Kommunen inngår i Stor-Göteborg.

Vest i kommunen finn ein skjergardskyst, og innanfor eit kupert, skogrikt landskap med mange innsjøar. Det at kommunen ligg så nær Göteborg har bidrege til mykje innflytting, særleg sidan 1960-åra, av folk som arbeider i Göteborg.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863, omfatta området, forutan Kungsbacka stad, tretten av dei fjorten kommunane i Fjäre härad. Slik var det fram til den landsomfattande kommunereforma i 1952, nær nitti år seinare. Då vart desse storkommunane oppretta: Onsala (av Onsala), Fjärås (av Fjärås, Förlanda og Hanhals), Löftadalen (av Frillesås, Gällinge, Idala, Landa og Ölmevalla), Särö (av Släp og Vallda) og Tölö (av Tölö og Älvsåker). Den neste kommunereforma vart gjennomførd i tre steg. Allereie i 1969 vart Tölö sameint med Kungsbacka. I 1971 vart Kungsbacka kommun oppretta, då Kungsbacka stad og Särö landskommun vart slått saman. Kommunen vart slik han er i dag i 1974, då Fjärås, Löftadalen og Onsala vart tilførde.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På blå bakgrunn, ein kvinneleg helgenfigur i sølv, med ein stav i høgre handa og ein kalk i venstre, begge delar i gull.[1]

Blasoneringa kjem frå eit segl frå 1580-talet. Sidan kyrkja i byen var vigd til St. Gertrud har ein trudd at våpenet viser henne, sjølv om avbiletinga ikkje stemmer heilt. Det vart likevel fastsett i 1948. Etter kommunesamanslåinga i 1971–1974 vart våpenet registrert for den nye kommunen. Det fanst ingen andre våpen i området.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er 23 tettstader i Kungsbacka kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Kungsbacka 17 784
2. Onsala 11 375
3. Billdal[2] 9 609
4. Åsa 3 218
5. Kullavik 3 119
6. Särö 2 982
7. Fjärås kyrkby 2 213
8. Frillesås 1 924
9. Backa 1 516
10. Vallda 1 439
11. Anneberg 1 398
12. Västra Hagen 810
13. Ölmanäs 787
14. Buerås 556
15. Halla Heberg 509
16. Lerkil 411
17. Gundal och Högås[3] 363
18. Hagryd-Dala 355
19. Hjälmared 341
20. Brattås 339
21. Kläppa 298
22. Hjälm 251
23. Röda holme 201

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I blått fält en kvinnlig helgonfigur av silver, hållande i höger hand en stav och i vänster en kalk, båda av guld».
  2. Ein mindre del av Billdal ligg i Göteborgs kommun.
  3. Mindre delar av Gundal och Högås ligg i Göteborgs kommun og Mölndals kommun.