Opposisjon i politikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Opposisjon i politikk er eit eller fleire politiske parti eller ei anna form for organisert gruppe, som er motstandar av ei regjering, eit parti eller ei gruppe, som har den politisk styrande kontrollen over eit område. Eit område kan vere ein stat, ein nasjon eller eit land, eller ein delstat, ein fylkeskommune eller ein kommune.

I Noreg er no Regjeringa Stoltenberg II basert på Ap, Sp og SV i posisjon, og dei andre partia: Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg folkeparti og Venstre er i opposisjon.

Det kan også dreie seg om intern opposisjon innan eit politisk parti, eller i ein organisasjon. Eit kjent eksempel i Noreg er Fagopposisjonen av 1911 innan LO, som Martin Tranmæl stod i spissen for.

Sjå også[endre]

Opposisjon (fleirtydingside)

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.