Optymistytsjnagrotta
| Optymistytsjna | |
| grotte | |
| Land | |
|---|---|
| Oblast | Ternopil oblast |
| Rajon | Borstsjiv rajon |
| stad | nær landsbyen Korolivka |
| - koordinatar | |
| Lengd | 230 km |
| Geologi | gips |
| Oppdaga av | - |
| - dato | 1966 |
Optymistytsjna (ukrainsk Оптимістична; russisk Оптимистическая, tyder optimistisk) er ei gipsgrotte ligg nær Korolivka i Borstsjiv rajon i Ternopil oblast i Ukrainia. Fram til 2005 var 230 km av grotta klartg og ho er den lengste grotta i Eurasia. Somme kjelder skriv at ho er 214 km lang, noko som gjer ho til den tredje lengste i verda etter Mammutgrotta og Juvelgrotta og den lengste gipsgrotta i verda.
Heile grotta ligg under eit 2 km² området i gips frå øvre tertiærtida som er mindre enn 20 meter tjukt. Passasjane er ofte låge og ofte fyllte med gjørme. Grotta består av eit nettverk av gangar i fleire nivå og grotta er derfor ein labyrint.
Grottekomplekset vart oppdaga av speleologar frå Lviv i 1966. Grotta ligg ikkje langt unna Ozernaja, den 11 lengste grotta i verda med 122 km, men ein har så langt ikkje funne samband mellom dei to grottene.
I 2008 vart gruppa rekna med blant dei sju naturlege underverka i Ukraina.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Description of a 1990 trip to Optymistytsjna by British grotters
- Table of grotte lengths
- The Fund of Support Scientific and Creative Initiatives