Orang asli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Batekfolk, ei semanggruppe som held til i den malayiske regnskogen og tradisjonelt har livnært seg av jakt og sanking.

Orang asli ('opphavlege folk') er ei malayisk nemning for urfolk, og viser til opphavlege folkegrupper på Malayahalvøya i Malaysia.

Dei blir tradisjonelt delt inn i tre grupper, som igjen har fleire stammar:

  • Semang (eller negrito), hovudsakleg frå nord på halvøya
  • Senoi frå sentrale område, som er den største gruppa
  • Proto-malayar (melayu asli, melayu purba) frå sørlege område

Orang asli snakkar anten asli-språk, eit mon-khmer-språk i den austroasiatiske språkfamilien, eller malayiske aboriginarspråk. Dei fleste kan også malayisk.

I 2004 utgjorde orang asli 0,6 % av innbyggjarane i Malaysia. Dei talde då 149 512 personar. På den same tida blei 76,9 % av dei rekna som fattige, samanlikna med 6,5 % blant alle malaysiarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Malaysia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.