Oscar Wergeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oscar Wergeland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1844
Christiania
Død

20. mai 1910 (65 år)
Christiania

Yrke kunstmålar, sjangermaler
Sjanger historiemåleri, portrett
Oscar Wergeland på Commons

Oscar Arnold Wergeland (12. oktober 184420. mai 1910) var ein norsk historiemålar frå Kristiania. Han er best kjend for måleriet Eidsvold 1814 , måla i 1885. Biletet heng bak talarstolen i Stortingssalen.

Wergeland var elev hjå David Arnesen i Christiania 1859, og ved Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania 1865-1867. Han var og innom Eckersbergs malerskole i fleire omgangar i perioden 1865-69. Etter dette vart han student ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København 1869-70, og i München 1874-76.

Saman med Eilif Peterssen er han ein av få norske målarar som har vald historiemåleriet som hovudsjanger. Wergelands produksjon tel ei lang rekke skildringar frå dansk og norsk historie. Han arbeidde særleg med motiv frå vikingtida. Etter at han kom heim frå München vart han i 1889 lærar ved Tegneskolen. To av bilda hans heng i Nasjonalgalleriet.

Oscar Arnold Wergelands farfar Lars Johan Wergeland var bror av eidsvollsmannen Nicolai Wergeland.

Riksforsamlingen 1814[endre | endre wikiteksten]

Wergeland måla Eidsvold 1814, som heng i Stortinget

Arbeidet med Riksforsamlingen starta truleg i 1882, og biletet vart gjeve til Stortinget i 1885 som ei gåve frå korpslege Lorentz Reinhold Boll Ring. I alt er det 55 portrett i Riksforsamlingen. Som forarbeid til biletet måla Wergeland 27 portrett, samla på 17 bilete. Dei heng nå i Eidsvollsbygningen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]