Osip Mandelstam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NKVD-foto av Mandelstam, etter han var arrestert i 1934

Osip Emiljevitsj Mandelstam (russisk: Мандельштам, Осип Эмильевич) (15. januar 189127. desember 1938) var ein russisk/sovjetisk lyrikar, prosaist og barnebokforfattar. Han var fødd i Warszawa og døydde i ein fangeleir nær Vladivostok.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mandelstam var ein av dei leiande føregongsmennene for den såkalla akmeismen, saman med mellom andre Anna Akhmatova og Nikolaj Gumiljov. Frå byrjinga var han ein sterk tilhengar av den russiske revolusjonen, til liks med mange andre russiske intellektuelle vart han med åra meir og meir desillusjonert. Han vart arrestert første gongen i 1920, noko som innleia eitt omflakkande liv på ulike stader og med få utvegar til arbeid. År 1934 vart han forvist til byen Voronezj, etter å ha publisert eit stalinkritisk dikt. Straks etter at straffa var sona, vart han i 1938 dømd på ny, då til fem års straffarbeid i den fjerne austen av det sovjetiske riket. På den tid hadde han fått kjenning av ein medfødd hjartefeil, som saman med strengt vinterver truleg leia til at han døydde kort tid etter ankomsten til straffarbeidsleiren.

Både som lyrikar og prosaist har Mandelstam sidan 1960-talet, då mange av dei seinare verka byrja kome ut, vorte rekna som ein av dei fremste russiskspråklege forfattarane på 1900-talet. Litteraturvitarar har særleg framheva den ukonvensjonelle reiseskildringa Reisa til Armenia' (trykt 1934), eit verk som mellom anna inspirerte Josif Brodskij og Bruce Chatwin. Andre framståande arbeid er essaysamlinga Samtalar om Dante (skriven 1933, postumt utgitt 1967), og dikta frå dei siste åra i Voronezj, som i ettertid er kjende som Voronezj-dikta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]