Oswald von Wolkenstein
| Oswald von Wolkenstein | |
Portrett frå Innsbrucker Handschrift, 1432 |
|
| Fødd | kring 1377, Schöneck in Pustertal i Tirol |
| Død | 2. august 1445 (68 år), Merano i Italia |
| Sjanger | Mellomaldermusikk |
| Yrke | Komponist |
Oswald von Wolkenstein (fødd 1376 eller 1377, truleg i Schöneck in Pustertal i Tirol, død 2. august 1445 i Merano i Italia) var ein tysk diktar, komponist, adelsmann og diplomat. Som diplomat reiste han mykje i Europa, mellom anna heilt til Georgia og vart innlemma i Drageordenen.
Som komponist skreiv han hovudsakleg monofoniske songar som omhandla riddarleg kjærleik. Han skreiv òg noko polyfonisk musikk seint i livet sitt. Han var involvert i ein strid om eit landområde med naboane sine og hamna i fengsel fleire gonger. Han skreiv likevel kjærleikssongar til døtrene til rivalen sine og minst ei kvinne til utanom kona si.[1]
Mange av songane til Oswald omhandla eigne opplevingar og hendingar, mellom anna songar om politikk, reiser, humor, drikking og bordell.[2] Seinare stykke var enkle polyfoniske stykke med religiøse tekstar.[1] Det vart samla kring 130 av stykka hans i tre manuskript.[2]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Oswald von Wolkenstein» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
Andre kjelder:
- ↑ 1,0 1,1 Uncle Dave Lewis. Oswald von Wolkenstein. Allmusic. Vitja 31. mars 2010.
- ↑ 2,0 2,1 Oswald von Wolkenstein. Classical Composers Database. Vitja 31. mars 2010.