Otsji tsjiornye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Otsji tsjiornye (russisk: Очи чёрные), kalla Svarte øyne på norsk, er ein italiensk og russisk film frå 1986. Den ytre handlinga er sett til 1900-talet og sentrerer seg om ein gift italienar som vert forelska i ei gift russisk kvinne. Hovudrollene vert spela av Marcello Mastroianni, Oleg Tabakov, Jelena Safonova, Pina Cei og Vsevolod Larionov.

Filmen vart produsert av Aleksandr Adabashyan, Suso Cecchi D’Amico og Nikita Mikhalkov, «inspirert av» noveller av Anton Tsjekhov. Filmen vart regissert av Mikhalkov.

Mastroianni fekk prisen som beste skodespelar på filmfestivalen i Cannes og vart nominert til Oscar for beste skodespelar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]