Ouzel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ouzel melom Northall og Billington.

Ouzel (tidlegare kalla Lovat) er ei elv i England. Ho er ei sideelv til Great Ouse, og renn frå Chiltern Hills til Newport Pagnell, ei strekning på omkring 32 km

Det gamle namnet Lovat er kjent frå 1200-talet i forma Lovente. Eit kart frå 1724 markerer elva som Lowsel, medan eit frå 1765 kallar ho Ouzel. Ordnance Survey brukar berre Ouzel. Ved Newport Pagnell brukast enno dei to namna om kvarandre.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Elva har utspringet sitt rett nord for Dagnall. Ho renn så langs grensa mellom Bedfordshire og Buckinghamshire. Ho tek opp i seg tre mindre sideelvar: Ouzel Brook frå Houghton Regis, Whistle Brook frå Pitstone og Clipstone Brook frå Milton Bryan. Elva renn så gjennom Leighton Buzzard og Milton Keynes. Ho møter der endå ei sideelv, Water Eaton Brook. Ved Newport Pagnell renn ho ut i Great Ouse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]