Buckinghamshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buckinghamshire
Geografi
Status Seremonieltog ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Søraust-England
Areal 1 874 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

725 400
387,1 /km²
Etnisitet 91,7 % kvite
4,3% sørasiatiske
1,6% svarte
Distrikt
  1. South Bucks
  2. Chiltern
  3. Wycombe
  4. Aylesbury Vale
  5. Milton Keynes (einskapleg)

Buckinghamshire er eit seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap i Søraust-England. Hovudbyen er Aylesbury og den største byen i det seremonielle grevskapet er Milton Keynes.

Området er underlagt Buckinghamshire grevskapsråd og er delt inn i fire distrikt - Aylesbury Vale, Chiltern, South Bucks og Wycombe. Milton Keynes er ei einskapleg styresmakt og er ein del av grevskapet for forskjellige funksjonar som statthaldar, men er ikkje underlagt grevskapsrådet. Det seremonielle grevskapet, inkludert Milton Keynes, grensar til Stor-London, Berkshire, Oxfordshire, Northamptonshire, Bedfordshire og Hertfordshire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Buckinghamshire er av anglosaksisk opphav og tyder «Distriktet (scire) til heimen til Bucca» Bucca's home syner til Buckingham nord i grevskapet og er kalla opp etter ein anglosaksisk landeigar. Grevskapet har hatt dette namnet sidan om lag 1100-talet, men sjølve grevskapet har eksistert sidan kongedømet Mercia (585–919).

Historia til området går tilbake til tida før anglosaksarane og har ei rik soge som startar i dei keltiske og romerske periodane. Det er derimot anglosaksarane som har sett mest preg på Buckinghamshire. Geografien på landsbygda i grevskapet er omtrent som det var under anglosaksarane. Seinare vart Buckinghamshire eit viktig politisk område og Kong Henrik VIII blanda seg inn i den lokale politikken på 1500-talet, og hundreår seinare vart visstnok den engelske borgarkrigen starta av John Hampden sentralt i Buckinghamshire.[1]

Historisk skjedde dei største endringane i grevskapet på 1800-talet då landsbygda her vart råka av både kolera og svolt. Dette tvinga bøndene inn i større byar for å finne arbeid. Dette endra ikkje berre den lokale økonomien, men gjorde at landområda gjekk på billigsal i ein periode då dei rike i England vart meir mobile. Buckinghamshire vart dermed ein populær landleg idyll, ei førestilling som framleis finst i dag. Mange innbyggjarar i Buckinghamshire jobbar i London og dette har medverka til velstand i grevskapet, men det finst òg mindre velståande område.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 «Buckinghamshire». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.