Overflatebølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein dykkande fugl skapar overflatebølgjer

Ei overflatebølgje er ei mekanisk bølgje som forplantar eg i grenseflata mellom to forskjellige media, vanlegvis to væsker med forskjellig tettleik. Ei overflatebølgje kan òg vere ei elektromagnetisk bølgje styrt av ein refraksjonsindeksgradient. Innan radio er ei jordbølgje ei overflatebølgje som forplantar seg nær jordoverflata.[1]

Mekanisk bølgje[endre | endre wikiteksten]

I seismologi kan ein kome borti fleire forskjellige overflatebølgjer. Overflatebølgjer i denne samanhengen vert ofte kalla L-bølgjer eller rayleigh-bølgjer. Ei seismisk bølgje er ei bølgje som forplantar seg gjennom jorda, ofte som følgje eit jordskjelv eller ein eksplosjon. L-bølgjer har transvers rørsle (rørsla er vinkelrett til retninga dei flyttar seg i, som lysbølgjer), medan rayleighbølgjer kan vere både longitudinale (flyttar seg parallelt til rørsleretninga, som lydbølgjer) eller transverse. Seismiske bølgjer vert studert av seismologar og målt av ein seismograf eller seismometer. Overflatebølgjer kan dekkje store frekvensområde periodane til bølgjene og det er bølgjeperiodane på over 10 sekund eller meir som vanlegvis gjer størst skade. Overflatebølgjer kan reise fleire gonger rundt jorda under dei største jordskjelva.

«Overflatebølgje» kan òg skildre bølgjer over eit hav. Døme er bølgje ri flata mellom vatn og luft (havbølgjer) eller krusningar i sanden nær flata mellom vatn og luft. Eit anna døme er indre bølgjer, som kan forplante seg mellom to vassmassar med forskjellig tettleik.

Elektromagnetisk bølgje[endre | endre wikiteksten]

Jordbølgje viser til forplanting av radiobølgjer ved eller nær jordoverflata. Desse overflatebølgjene vert òg kalla nortonbølgjer, zenneckbølgjer, sommerfeldbølgjer eller glidande bølgjer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. General Services Administration-artikkelen «Federal Standard 1037C»