Pål Moddi Knutsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pål Knutsen, kunstnarnamn Moddi, (fødd 1987) er ein norsk musikar og songar frå MedbySenja. Moddi syng, spelar gitar og trekkspel, og skriv musikken og tekstane sine sjølv. Han gav ut debut-EP'en RubatoPlayground Music i august 2008. EP'en vart gjeven ut på split-vinyl med artisten Einar Stray. Moddi fekk god kritikk i det verdskjende internettmagasinet Pitchfork for konserten sin på Øyafestivalen i 2008.[1] Hausten 2009 spelte Moddi inn studioalbumet Floriography i Greenhouse Studio i Reykjavik. Plata vart produsert av Valgeir Sigurðsson, og vart gjeven ut i februar 2010 på Impeller Records. I tillegg til songar med sjølvskrivne tekstar på engelsk inneheld plata ein versjon av visa «Krokstav-emne» med tekst av diktaren Helge Stangnes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • I 2013 vann Moddi Spellemannprisen i kategorien Viser for Kæm va du?. Han var også nominert til klassa for beste popsolist for Set The House On Fire og til klassa for komponist for begge platene.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]