Spellemannprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Petter Molvær vann i 2000 og 2005
Odd Nordstoga vann i 2002 og 2004

Spellemannprisen er ei prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerkt seg positivt det føregåande året. Utdelinga vart etablert på initiativ frå det norske IFPI (internasjonal organisasjon for platebransjen). Prisen vart delt ut fyrste gong i 1973 for plateåret 1972, og har vore delt ut kvart år sidan. Utdelinga blir skipa av Spellemannskomiteen som er vald ut av IFPI Noreg og FONO.

Prisane blir delt ut for 17 ulike klassar etter sjangrar, tre prisar til årets opphavsmenn («årets samtidskomponist», «populærkomponist» og «tekstforfattar») og fire prisar til tillegsklassar («Årets spellemann», «nykomar», «hit» og «musikkvideo»). Dessutan tek komiteen stilling til om det skal delast ut heiderspris og bransjepris. For kvar av klassane vert det nemnt ut ein fagjury der samansetninga blir heldt skjult for dei og for folk utanfor. Fagjuryane vedtek kven av dei påmeldte artistane og platene som skal bli nominert i dei ulike klassane med å tildele dei poeng. Til vanleg blir det nominert tre stykke i kvar klasse. Fagjuryen røystar så fram ein vinnar som får ein bronsestatuett og diplom.

Ein eigen fagjury nominerer opp til ti videoar til årets musikkvideo mens Spellemannkomiteen sjølv nominerer artistar til kategoriane «årets hit» og «årets nykomar». Vinnar av «årets hit» og «årets musikkvideo» blir kåra av publikum, som får røyste, mens komiteen sjølv kårar vinnaren av «årets nykomar». Spellemannkomiteen kårar også «Årets spellemann», der det ikkje blir kunngjort nokon nominasjon på førehand.

Klassar og prisar[endre | endre wikiteksten]

Noverande sjangerklassar[endre | endre wikiteksten]

Under utdelinga av 1972-prisen, vart det delt ut pris i sju sjangerklassar og tre heiders- / bransjeprisar. Sidan då har det vore ein del endringar i kva prisar som blir delt ut, namn på dei og kva innhald som er i dei ulike klassane. Dei to einaste klassane som har vore heilt uforandra gjennom historia, er «barneplate» og «open klasse». Desse to prisane har begge vore ute av prisutdelinga to gongar kvar. Alle klassane frå den fyrste utdelinga blir framleis delt ut i ein eller annan form.

Klassar som har vore med sidan fyrste utdeling (1972)

Namn i dag Ikkje utdelt Andre namn på klassen Merknad
Barneplate 1978, 1979
Open klasse 1990, 1994 To prisar i 1978 og 1979
Viser 1994, 1995 Visesong: 1972-1996
Viser og viserock: 1997-2000
Kvinnelege artist 1979-1993 Vokalist: 1975-1977
Popsolist: 1997-2002
Kvinneleg popsolist: 2003
Slått saman med mannleg artist
i periodane 1975-1977 og 1997-2002
Mannlege artist 1979-1993 Vokalist: 1975-1977
Popsolist: 1997-2002
Mannleg popsolist: 2003
Slått saman med kvinneleg artist
i periodane 1975-1977 og 1997-2002
Popgruppe 1978 Gruppe: 1972-1974
Popgruppe: 1975-1993
Gruppe: 1994-1996
Klassisk musikk 1991-93, 1995, 1996 Felles med samtidsmusikk fram til 1994 (2 prisar i 1975)
Samtidsmusikk 1991-93, 1995, 1996 Felles med klassisk musikk fram til 1994 (2 prisar i 1975)
Felles pris med elektronika i 2004

Klassar som har vorte oppretta etter fyrste utdeling

Namn i dag Fyrste
utdeling
Ikkje utdelt Andre namn på klassen Merknad
Jazz 1973
Folkemusikk/
gammaldans
1973 Folkemusikk:
1997, 1998, 2001
Gammaldans slått saman med danseorkester i 1997 og 1998
Gammeldans ikkje utdelt i 2001
Rock 1976 1977, 1978, 1994 2 prisar i 1980 og 1981
Danseorkester 1996 Danserokester/
gamaldans: 1997, 1998
Felles med danseorkester i 1997 og 1998
Hip-hop/RnB 1996 Dance/techno: 1996-1997
Dance: 1998-1999
Dance/hip-hop: 2000
Hip-hop: 2001-2004
Metal 1997 Hardrock: 1997-2000
Elektronika 2000 Elektronika/
samtidsmusikk: 2004
Felles med samtidsmusikk i 2004
Blues 2001 Blues/country: 2003, 2004 Felles med country i 2003 og 2004
Country 2003 Blues/country: 2003, 2004 Felles med blues i 2003 og 2004
Kalla roots & country 1984-1993

Noverande tilleggsklassar og prisar til opphavsmenn[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart Årets spellemann innført som den fyrste tilleggsklassen. Etter det er det vorte innført tre tilleggsklassar. Frå Spellemannprisen 2007 vart prisen årets nykomar utvida til å innehalde eit arbeidsstipend på 200 000 kroner. Stipendet blir delt ut av vederlagsbyrået Gramo for å gje vinnaren «eit utgangspunkt for å arbeide vidare med musikken sin, slik at dei kan glede oss meir i framtida». I samarbeid med TONO vart det under Spellemannprisen 2008 innført tre klassar for opphavsmenn. I tillegg til tilleggs- og opphavsmennklassane kjem bransjeprisen og spesialprisen/heidersprisen som ikkje blir delt ut fast. Begge prisane vart delt ut ved fyrste utdeling og det er til no delt ut tretten bransjeprisar og 36 spesialprisar/heidersprisar.

Namn i dag Fyrste
utdeling
Ikkje utdelt Andre namn på klasse
Årets spellemann 1983
Årets musikkvideo 1986 1987-1998 Videoprisen 1999, 2000
Årets nykomar 1989 1991, 1992
Årets hit 1994 Låt 1994-2003
Årets samtidskomponist 2008
Årets populærkomponist 2008
Årets tekstforfatter 2008

Utgådde klassar[endre | endre wikiteksten]

Nokre klassar har kome og gådd. Kortast levetid hadde klassen «korplate» som berre vart delt ut ein gong.

Namn Periode Ikkje utdelt Merknad
Kor-plate 1979
Roots & country 1984-1993 1986 Blues/country og seinare country vart innført i 2003
Kammermusikk 1991-1996 1994 Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden
Orkestermusikk 1992-1995 1994 Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden
Orkester- og kormusikk 1991 Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden
Album 1994-1996
Artist 1997-2000
Underhalding 1989-1993
Tidenes norske hit 2001 I samband med 30 års jubileum

Mestvinnande artistar[endre | endre wikiteksten]

Morten Harket har vunne tolv prisar
Madrugada har vunne fem prisar, her Sivert Høyem

I dag står femten artistar som vinnar av fem eller fleire Spellemannprisar. To av dei som har vunne flest prisar, Leif Ove Andsnes og Oslo Filharmoniske Orkester med åtte prisar kvar, har aldri motteke meir enn ein pris same år. Nokre artistar har vunne fleire prisar både som soloartist og med band, til dømes Morten Harket som totalt har vore med å vinne heile tolv prisar, og Gustav Lorentzen som har vunne prisen for seks ulike plater, to av dei med Knutsen & Ludvigsen.

8 prisar

  • Leif Ove Andsnes: 1991, 1992, 1993, 1998, 2000, 2002, 2003, 2005
  • Oslo Filharmoniske Orkester: 1972, 1981, 1984, 1987, 1990, 1992, 1998, 1999 (den fyrste som Filharmoniske Selskaps Orkester)
  • a-ha: 1985 (2 stk), 1986 (3 stk), 2000 (2 stk), 2008

7 prisar

6 prisar

5 prisar

Etterkvart som det er vorte innført fleire tilleggsklassar, har det blitt mogleg å vinne meir enn ein pris same år. The Monroes var dei fyrste til å vinne to prisar same år under utdelinga i 1983. I nyare tid er det ikkje uvanleg at same artist vinn både tre og fire prisar.

Artistar som har vunne fire prisar same år

Artistar som har vunne tre prisar same år

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]