Pčinja
| Pčinja | ||
|
|
||
| Utspring | Fjellet Dukat i Serbia | |
| Munning | Vardar | |
| Land i nedslagsfelt | Republikken Makedonia, Serbia | |
| Lengd | 128 km | |
| Middelvassføring | 14 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 3 147 km² | |
Pčinja (makedonsk og serbisk Пчиња) er ei 128 km lang elv i Serbia og Republikken Makedonia og ei av sideelvane til Vardar frå venstre.
Innhaldsliste |
Serbia [endre]
Pčinja spring ut frå fleire småelvar på vestsida av fjellet Dukat. Ved Trgovište mottar ho Lesnička reka (Лесничка река). Regionen som elva renn gjennom er det området i Serbia som der folketalet fell raskast og er det minst økonomisk utvikla området i landet. Etter at Pčinja renn forbi Široka planina og landsbyen Šajintse snur ho sørover og inn i den smale dalen mellom fjella Rujen og Kozjak. Etter 45 km kryssar Pčinja grensa til Makedonia.
Makedonia [endre]
Dei siste 83 km renn elva sakte sørvestover. Ho renn mellom anna gjennom Katlanovo. Ho renn på vestsida av fjellet Gradištanska og munnar så ut i Vardar halvvegs mellom byane Skopje og Veles.
Kjenneteikn [endre]
Pčinja høyrer til Egearhavet sitt nedslagsfelt, og drenerer eit område som dekkjer 3 140 km², der 1 247 km² ligg i Serbia og 1 893 km² i Makedonia. Ved munningen har ho ei middelvassføring på 14 m³/s og ho er ikkje framkommeleg for elvefart.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pčinja» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6