Vardar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vardar
Axiós (Ἀξιός)
Vardar i Skopje
Vardar i Skopje
Utspring Nord for Gostivar i Republikken Makedonia
Munning Pátrabukta
Land i nedslagsfelt Hellas Hellas
Makedonia Republikken Makedonia
Lengd 388 km
Nedslagsfelt 25 000 km²

Vardar eller Axiós (slavisk Вардар, gresk Ἀξιός eller Βαρδάρης, Vardáris, latinsk Axius) er den lengste elva i Republikken Makedonia og ei stor elv i Hellas. Ho er 388 km lang og har eit nedslagsfelt på om lag 25 000 km².

Elva har sitt utspring ved Vrutok, nokre kilometer nord for Gostivar i Republikken Makedonia. Ho renn gjennom Gostivar, Skopje og inn i Veles, kryssar den greske grensa nær Gevgelija, Polýkastro og Axioúpoli, før ho munnar ut i Egearhavet i Sentral-Makedonía vest for Thessaloníki nord i Hellas.

Nedslagsfeltet til Vardar dekkjer to tredjedelar av arealet til Republikken Makedonia, som enkelte kallar «Vardar Makedonia» etter elva.

Dalen består av frodige landområde i periferieiningane Kilkís og Thessaloníki, Gevgelija og andre område. Elva er elles omgjeve av fjell. Motorvegane M1 og E75 i Hellas går langs heile dalen og nesten heilt til Skopje.

Elvedalen har gjeve namn til vardháris eller vardarec, ein nordleg og vedvarande dalvind som bles ned heile dalen og fører med seg kalde forhold i Thessaloníki-området i Hellas. Han oppstår når det er høgare trykk over Aust-Europa enn over Egearhavet, som ofte er tilfellet om vinteren. Vinden er liknande mistralvinden i Frankrike.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

  • Den mest aksepterte teorien på opphavet til namnet er at det har sitt opphav i tida då persarane okkuperte Makedonia. På antikt persisk språk tyder var-darya open elv. Namnet Vardários (Βαρδάριος) vart stundom nytta av dei gamle grekarane på 200-talet fvt. Det same namnet vart mykje nytta under tida med Austromarriket.
  • Det liknande persiske ordet Bar-Darya (lang elv) er óg eit sannsynleg opphav.
  • Ein annan teori seier at Vardar kjem frå thrakisk språk, frå *sword(o)-wori-, «svart vatn».

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

Vardar er óg namnet på tre fotballklubbar - ein i Skopje, ein i Melbourne og ein i Clarkston i Michigan.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]