PCM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

PCM (frå engelsk Pulse Code Modulation) er ein metode for å representera analoge signaldigital form. Ei analog spenning, som representeret til dømes eit lydsignal, vert fyrst sampla (kvantisert i tid), før amplituden vert kvantisert (i ein AD-omformar) og representert som sin sekvens av binære tal, på toerkomplementform.

PCM er ei vanleg koding for digitale signal, og er mellom anna nytta innan digital audio. Tidlegare var det vanleg med ei ordlengd på 16 bit, men i dag er det vanleg med 24 bit. Med PCM meiner ein som oftast linear PCM (LPCM), men det finst òg andre former, som differensial PCM (DPCM og adaptiv DPCM (ADPCM).