PSPad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utforsking av eit JavaScript i PSPad.

PSPad er ein gratis teksteditor for Windows-plattforma, utvikla av tsjekkaren Jan Fiala. Programmet er eit kraftig verktøy for redigering av kjeldekode og webutvikling. Det er rikt på funksjonalitet, og mellom dei mest avanserte i sitt slag.

Generell funksjonalitet[endre | endre wikiteksten]

Mange oppgåver kan løysast med PSPad, mellom anna prosjektadministrasjon, økter, malar, puljehandsaming osb. PSPad har multidokumentgrensesnitt og arkfaner, slik at brukaren kan ha mange filer opne samstundes.

Mellom verktøya finst funksjonar for søk, samanlikning og byte av tekststrengar, autofullføring, sortering, blokkhandsaming, bokmerking osb. Makroar kan nyttast til å automatisere oppgåver. PSPad har ein innebygd FTP-klient for filoverføring, men støttar ikkje den sikre SSH-protokollen.

Programutvikling[endre | endre wikiteksten]

Det er innebyggd kodeutforsking og syntaksmerking for x86 assembler og ei lang rekkje høgnivåprogrammeringsspråk, som: C, C++, COBOL, FORTRAN, Java, Pascal, Visual Basic og skripspråk, mellom dei JavaScript, Perl, PHP, Python, VBScript og *nix skalskript. Det er støtte for tett integring av eksterne kompilatorar og feilsøkingsverktøy. PSPad kan òg nyttast til å redigere binærfiler.

Webutvikling[endre | endre wikiteksten]

For nettstadutvikling er det støtte for HTML/XHTML, CSS og skriptspråka nemnt ovanfor. PSPad har ein innebygd nettlesar som førehandsviser nettstader under utvikling. Nettsider kan validerast med hjelp av eit HTML TiDy-basert tillegg. Det er òg støtte for XML og databasespråket SQL.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]