Paal Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Paal Brekke frå Gyldendals historiske portrettarkiv.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket

Paal Emanuel Brekke (17. september 19232. desember 1993) var ein norsk lyrikar, forfattar, gjendiktar og omsetjar. Han er far til forfattaren Toril Brekke.

Brekke var fødd på Røros. Han utgav si fyrste diktsamling som flyktning i Sverige kalla Av din jord er vi til. Brekke kom i kontakt med den svenske modernismen ”fyrtiotalismen”, noko som påverka seinare lyrikk. Han hadde òg god kjennskap til engelsk-amerikansk modernisme. Utover 1950-talet var Paal Brekke ein leiande modernist i Noreg. Diktsamlinga Og hekken vokste høyt frå 1953 hadde stor betydning i etterkrigslitteraturen.

Paal Brekke var redaktør av tidsskriftet Diktets venner 1958-62.

Antologien til sin tid inneheld mange av hans journalistiske arbeid og vart utgjeven i 1970.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]