Røros kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røros kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Bergstaden Røros
Areal 1 956 km²
 - land 1 754 km²
 - vatn 202 km²
Folketal 5 685  (1. januar 2024)
Målform bokmål, nynorsk
Norsk målform nøytral
Samisk språk sørsamisk
Ordførar Isak Veierud Busch (Ap)
Kommunenr. 5025
Kart
Røros
62°34′27″ N 11°22′59″ E
Wikimedia Commons: Røros
Nettstad: www.roros.kommune.no

Røros (sørsamisk Rossen tjïelte) er ein kommune i Trøndelag fylke som grensar i nord til kommunane Tydal og Holtålen, i sørvest til Os og Engerdal i Hedmark fylke og i aust til Härjedalen i Sverige. Røros er kjend for Røros Kobberverk og dei gamle trehusa sine.

Kommunen har tre tettstader – Røros, Brekken og Glåmos. Tettstaden Røros har aldri hatt status som by, men som bergstad. Røros bergstad og Circumferensen er del av UNESCO si liste over verdsarv. Han er òg ein av dei kaldaste stadene i Noreg, med ein kulderekord på –50,4 °C.

På grunn av gruveindustrien har Rørosmålet vorte påverka frå fleire ulike hald, mellom anna av tysk. Staden vart heilt attoppbygd etter at han var øydelagd av svenske troppar i 1679. Røros' historie er skildra i romanar av forfattaren Johan Falkberget. Rørosmartnan går føre seg i Røros i februar kvart år.

Frå 1. juli 2018 er Røros kommune innlemma i samisk språkforvaltingsområde, som den fjerde frå sørsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.[1]


Namn og kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Røros er sett saman av elvenamnet Røa og os, 'munning'.[2] Røa er ei siddelv til Glåma.

På sørsamisk heiter kommunen Rossen tjïelte[3] medan tettstaden Røros heiter Plaassja[4]. Før skrivemåten Plaassja vart vedteken i 2022 har forma Plassje vore i utstrekt bruk.[a]

Kommunevåpenet, som blei vedteke i 1995, har eit koparsymbol i gull over to krosslagde bergverkshammerar i gull mot ein raud bakgrunn. Våpenet står for den historiske bergverksdrifta og malmutvinninga i området.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskap i Røros.

Landskapet er kupert med store fjellvidder. Heile Røros ligg over 600 moh., og 80 % av arealet ligg 600–900 moh. I nord og aust mot Sverige har kommunen høgare fjellparti, med Vigelen søraust for Aursunden som dei høgaste (Storvigelen er 1561 moh.).[2]

I fjellpartia i aust er berggrunnen danna av gneis og granitt og i Femundtraktene av sparagmitt. Elles er berggrunnen mest fyllitt, enkelte stsder gjennomsett av gabbro og andre magmatiske bergartar. I grensesona mellom fyllitten og dei magmatiske bergartene finst det koparkis.[2]

Røros har ein kulderekord på –50,4 °C, sett 13. januar 1914. Denne temperaturen er den lågaste som er målt i Sør-Noreg.[5] Varmerekorden blei sett i juli 2008 og er på 30,7 grader.

I Røros ligg ei rekkje større vatn som Aursunden (45,4 km²), Feragen (15,7 km²), Rien (14,7 km²) og ein del av Femunden. Frå Aursunden renn Glåma sørvestover i eit slakt dalføre; nord for vasskiljet fortset Rugldalen nordover med Rugla som renn ut i Gaula.[2] Røros kommune omfattar også norddelen av Femundsmarka nasjonalpark og Sakrisodden, Molinga, Finnfloen, Sølendet og Lille Korsjølia naturreservat.[6]

I kommunen finst det to skogdannande treslag, bjørk og furu. Skoggrensa er i ferd med å stiga, slik at tidlegare opne område blir skogdekte.[6]

Kommunen har 5 635 innbyggjarar (2015). Folketalet auka i tiårsperioden 1996–2006 med 4,7 % etter å ha vore stabilt på noko under 5400 sidan 1980. Dei fleste innbyggjarane bur i administrasjonssenteret Røros. Glåmos og Brekken har rundt 250 innbyggjarar kvar, medan resten bur spreidd i Aursunden, i dalføret til Glåma, Rugldalen og Hitterdalen, som går austover frå Røros.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjerkgata sett nedanfrå 1869. Foto: Elen Schomragh

Det vart funne koparmalm på Røros i 1644, og Røros Kobberverk vart anlagd.[2] Røros bergstad vart skipa og eit smelteverk bygd i 1646.[2] Før det var det berre nokre få fjellgardar i området.

På 1600- og 1700-talet vart Røros fleire gonger herja i svenske åtak. Svenske styrkar brann heile staden i 1679, og han måtte byggjast opp att. Smelteverket og utvinninga av kopar hadde stor trong for treverk, og områda rundt Røros vart avskoga. Steinkyrkja Bergstadens Ziir vart innvigd i 1784. Tidleg på 1800-talet var det dårlege tider og hungersnaud på Røros. Kromgruvedrift vart starta opp i denne tida. Jarnbana Rørosbana vart offisielt opna i 1877. Den siste store gruva, Olavsgruva var i drift frå 1936 til 1972. Røros Koparverk vart nedlagt i 1977. Etter at gruvedrifta vart avslutta er turisme den viktigaste næringa.

Bilete frå marknaden på Røros

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Det meste av industrien ligg i tettstaden Røros, og omfattar trevare- og møbelindustri i tillegg til verkstad-, næringsmiddel-, grafisk og glasvareindustri. Turisme er også ei viktig næring på staden, og ca. 23 % av sysselsettinga er i varehandel, hotell- og restaurantdrift (2004).[2]

Utanom tettstaden driv ein mest jordbruk med husdyrhald. Røros har også sørsamisk reindrift med Riast-Hylling reinbeitedistrikt (Gåebrien sijte). Kjøtet blir foredla lokalt, med slakt av ca. 8000 dyr årleg.[2]

På Røros ligg det vidaregåande skule og sjukehus.[2]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Frå Østerdalen og Tynset kjem riksveg 30 og jernbanen over Røros og fortset ned Gauldalen til Trondheim. Frå Røros går riksveg 31 austover til Brekken og vidare til Sverige. Frå Brekken går riksveg 705 nordover til Tydal, Selbu og Stjørdal.[2]

Rørosbanen har stasjonar på Røros og Glåmos. Røros lufthamn ligg vest for tettstaden.[2]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Gate i Røros måla av Harald Sohlberg i 1902.

I 1980 vart bergstaden Røros teken med på UNESCO si liste over verdsarv. I 2010 vart oppføringa utvida til Røros bergstad og Circumferensen, det vil seia dei kringliggjande områda som også blei påverka av bergverksdrifta. Heile bykjerna med barokkyrkja, Bergstadens Ziir, frå 1784 og slagghaugane rundt er verna. Kyrkja er ein av dei få steinbygningane på staden, og er ei av dei største i Noreg med 1800 sitjeplassar.[2]

Langs Bergmannsgata sentralt i byen ligg Bergskrivergården, Direktørboligen (no rådhus) og Proviantskrivergården. Rett utanfor Bergstaden ligg fleire kjente gruver: Kongens gruve og Sextus gruve i nord, Storwartz gruve og Olavsgruva i nordaust. Olavsgruva er verna som kulturminne. Det blir halde omvisingar og ein del konsertar her. Rørosmuseet på Malmplassen formidlar kultur-, natur- og bergverkshistorie gjennom modellar. I dei tidlegare lokala til avisa Fjell-Ljom er det pressemuseum. Heimstaden til Johan Falkberget, Ratvolden i Rugldalen, er også museum.[2]

Rørosmartnan blir halden kvart år i februar.[2] Det blir også halde ein kammermusikkfestival, Vinterfestspill i Bergstaden, i mars månad. I månadsskiftet juli/august framfører ein Elden, eit utandørs musikkteater inspirert av Carl Gustaf Armfeldt sitt felttog mot Noreg i 17181719 der Reinhold Johan De la Barre herja Røros og deretter leia den såkalla dødsmarsjen då 3000 soldatar og hestar døydde i snøstorm på veg over grensefjella mot Sverige.

Avisene Arbeidets Rett og Fjell-Ljom kjem ut på Røros.[2]

Kjende folk frå Røros[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. søk i SIKOR. UiT Norges arktiske universitets og det norske Sametingets samiske tekstsamling, Versjon 01.12.2021, URL: http://gtweb.uit.no/korp/ Søket gjev 68 treff på former av Plassje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 «Røros» (13. desember 2017) i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «Samisk namn på Røros og Trondheim», Regjeringa.no (Kommunal- og distriktsdepartementet), 9. september 2022, henta 9. september 2022 
  4. «Stedsnamn faktaark. Røros.», stadnamn.kartverket.no, henta 9. september 2022 
  5. Bjørbæk, Gustav (1998). Norsk vær i 100 år. Teknologisk forl. s. 58. ISBN 8251205271. 
  6. 6,0 6,1 «OM KOMMUNEN». roros.kommune.no. 02.01.2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Røros kommune