Pachelbels kanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanon i D-dur
PWC 37, T. 337, PC 358
Kanon av Johann Pachelbel
Periode Barokken
Komponert 1680
Publiseringsdato 1919
Typisk lengd 5:57

Pachelbels kanon, òg kjent som Kanon i D-dur, eller det meir fullstendige namnet Kanon og gigue i D-dur for tre fiolinar og Basso Continuo er eit kjent musikkstykke av Johann Pachelbel, komponert i 1680-åra og er ein representant for barokken. Det er eit kammermusikk-stykke som opphavleg vart skriven for tre fiolinar og basso continuo, men er seinare òg arrangert for større oppsetjingar.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Musikkstykket er bygd over ein grunnleggende akkordprogresjon som vert repetert.

Dei første ni taktane av Kanon i D-dur: Fiolinane spelar trestemt kanon over ostinato, grunnbassen som vert repetert som musikalsk motiv og som saman med fiolinane dannar den harmoniske strukturen. Fargane syner fråskillinga og når dei kanonisktiske elementa kjem inn/byrjar

Historia til publiseringa[endre | endre wikiteksten]

Lenge var Pachelbel berre enno ein ein gong populær komponist som var gått i gløymeboka. Verket vart første gong publisert i 1919, men det var først då Rudolf Baumgartner og Lucerne Festival Strings valde å spele inn eit verk dei kalla Pachelbel's Canon for Erato i Frankrike i midten av 1960-åra at verket byrja å verte kjend Innspelinga vart ikkje rekna som god nok for utgjeving i USA, bortsett frå av Musical Heritage Society. Innspelinga vart ein bestseljar for MHS og vart høyrd av Robert Redford, som valde å nytte stykket i filmen sin Ordinary People (1980). Kort tid etter vart Pachelbels kanon eit av dei mest populære klassiske musikkstykka nokon gong.[1]. Etter Baumgartner si innspeling vart det gjort mange arrangementet av verket der det mellom anna vart moderert til det tredje av det opphavleg tempoet eller strykeseksjonen vart utvida med ein faktor på ti. Kanonen har vorte arrangert for blåsekvintett av the Canadian Brass, for fløyte av James Galway og for fløyte og stemme av Galway og Cleo Laine, for strykekvartett av George Rochberg, for strykekvartett som glans på «Earth Angel» av Hampton String Quartet, for synthesizer av Tomita som noko kalla «Canon of the Three Stars», samt hundrevis av andre arrangement for alle tenkelege instrument.

I popmusikk[endre | endre wikiteksten]

I dagens populærmusikk kan ein finne element frå denne komposisjonen i mange verk, mellom anna i desse:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Canon in D major, instrumental arrangementAllmusic av James Leonard. Henta 17. juli 2010.