Bee Gees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brørne Barry (øvst), Robin (i midten) og Maurice (nedst) Gibb utgjorde gruppa Bee Gees. Foto frå 1977.

Bee Gees var ei britisk/australsk musikkgruppe. Gruppa bestod av brørne Barry, Maurice og Robin Gibb. Initialene til gruppenamnet, B.G., står for Brothers Gibb. Bee Gees laga musikken til filmen Saturday Night Fever. Gruppa er på femteplass på verdsbasis kva gjeld talet på selde album.

Bee Gees fekk sitt gjennombrot i 1967 med singelen New York Mining Disaster 1941, som vart ein topp-20-hit i både Storbritannia og USA. Gruppa vart internasjonalt kjendw i popkrinsar for sine mange hits på slutten av 1960-talet og tidleg 1970-tal. Utover i 1970-åra gjekk Bee Gees gjennom ein periode der musikken viste tydeleg påverknad frå funk og R&B.

Bee Gees laga i 1977 musikken til filmen Saturday Night Fever. Låtar frå denne filmen slo særleg godt an og Bee Gees vart ei av dei største disco-gruppene. Mellom dei svært populære disco-låtane i Saturday Night Fever finn ein Stayin' Alive, Night Fever og Jive Talkin, alle saman låtar som har vorte klassiske i sjangeren.

På 1980-talet var funken og R&B-musiken tilbake i Bee Gees sin nylaga musikk. Mot slutten av 1990-talet søkte gruppa seg tilbake sine pop-røter. Bee Gees vart vald inn i 'Rock and Roll Hall of Fame' i 1997.

Ved Maurice Gibbs død i 2003 valde dei to attlevande brørne å avslutte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]