Matching Mole
| Matching Mole | |
| Opphav | England |
| Sjanger | Progressiv rock, Canterbury scene |
| Aktive år | 1971-1972 |
| Plateselskap | CBS |
| Siste medlemmer | |
|---|---|
| Robert Wyatt Dave MacRae Phil Miller Bill MacCormick |
|
| Tidlegare medlemmer | |
| David Sinclair | |
Matching Mole var eit britisk progressivt rockeband frå Canterbury scene som er best kjend for songen «O Caroline». Robert Wyatt danna bandet i oktober 1971 etter at han forlet Soft Machine og hadde spelt inn det første soloalbumet sitt, The End of an Ear. Han heldt fram rolla si som vokalist og trommeslagar og med seg i bandet fekk han David Sinclair frå Caravan på orgel og piano, Phil Miller på gitar og Bill MacCormick frå Quiet Sun på bass. Namnet er eit ordspel på Machine Molle som er det franske uttrykket for Soft Machine, det tidlegare bandet til Wyatt.
Det første albumet deira kom i april 1972 og dei fleste av songane vart skrive av Wyatt sjølv, bortsett frå den mellotron-dominerte «O Caroline», som vart skrive av Dave Sinclair med tekst av Wyatt. Teksten omhandla brotet med kjærasten Caroline Coon. Det andre albumet deira, Matching Mole's Little Red Record kom i november 1972 og var produsert av Robert Fripp, Sinclair vart då erstatta av Dave MacRae frå New Zealand, som alt hadde medverka som gjesteartist på det første albumet.
Matching Mole vart oppløyst seint i september 1972 like etter ein europeisk turne som oppvarmingsband for Soft Machine. Sinclair og Miller gjekk då saman og danna bandet Hatfield and the North. Ei ny besetning med Wyatt, MacCormick, keyboardisten Francis Monkman frå Curved Air og saksofonisten Gary Windo skulle spele inn eit tredje album i 1973, men dette vart avbrote då Wyatt fall ut av eit vindauge og vart lam frå hofta og ned, og derfor ikkje kunne halde fram som trommeslagar.
Diskografi [endre]
- Matching Mole (1972 - CBS 64850)
- Matching Mole's Little Red Record (1972 - CBS 65260)
- BBC Radio 1 Live in Concert (1995 - BBC Windsong)
- Smoke Signals (2001 - Cuneiform)
- March (2002 - Cuneiform)
- On the Radio (2007 - Hux)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Canterbury-miljøet
- A 1995 Intervju med bassist Bill MacCormick.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Matching Mole» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2008.