Padder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av ei padde i St HelierJersey.

Padder kan visa til alle amfibium eller ulike grupper av amfibium, anten i ordenen Anura (‪halelause padde‬r), som også omfattar froskar, eller i familien Bufonidae (ekte padder). Dyret som er best kjend som padde i Noreg er arten Bufo bufo, også kalla nordpadde eller vanleg padde.

Ein rekner typisk padder som kraftigare i kroppsbygnad enn froskar. Dei hoppar mindre og er kjenneteikna av klumpete kjertlar («vorter») i huda.

Padder er eit symbol for kanaløya Jersey. Innbyggjarane der er tradisjonelt blitt kalla «les crapauds» ('paddene'), kanskje fordi desse dyra lever på Jersey men ikkje på naboøya Guernsey.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Padder

Kjelder[endre | endre wikiteksten]