Paleogeografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paleogeografi er læra om geografiske tilhøve i tidlegare geologiske periodar. Ordet kjem frå geografi ved å setje til forstavinga paleo, frå gresk palaios = gammal.

Omgrepet vert i hovudsak nytta om studiet av tidlegare landformer, sjølv om det òg kan omfatte andre geografiske aspekt. Avgrensa til studiet av landformer er omgrepet ekvivalent med paleogeomorfologi, frå geomorfologi.

Kontinentaldrift skaper kontinuerlege endringar i form og utstrekking på hav og kontinent, studert i fagfeltet platetektonikk. Endringar i klimatilhøve vil kunne føre med seg endringar i det globale havnivået, samt påverke landskapsformene på mange andre måtar. Vulkanisme kan føre til valdsame og plutselege endringar i landskapet. Geologiske prosessar som landheving og sedimentasjon kan byggje nye landskapsformer, medan erosjon vil virke nedbrytande.

Studiet av paleogeografi spelar ei viktig rolle både i geologi og i geofysikk. I oljeleiting er paleogeografi viktig både for å lokalisere potensielle kjeldebergartar og potensielle oljereservoar. I oljeutvinning vert paleogeografi nytta til å kartleggje strøymingseigenskapar til bergartane i reservoaret.

Forstavinga paleo vert ofte nytta i ulike samansettingar for å omtale tidlegare landskapsformer. Døme på dette er paleo-elveterassar, paleo-strandlinje og paleo-landskap.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]