Panakhaikó
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Panakhaikó Παναχαϊκό |
|
|---|---|
| Høgd over havet | 1 928 moh |
| Ligg i/på | Akhaía i Hellas |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Panakhaikó (gresk Παναχαϊκό), òg skrive Panachaicus, Panakhaikos eller Panahaiko, er eit fjell i periferieininga Akhaía i Hellas. I mellomalderen vart fjellet kalla Vodiás (Βοδιάς). Det strekk seg 20 km frå nord til sør (frå Glávkos til Psathópyrgos) og 15-20 km frå aust til vest (frå aust for Pátra til vest for Selianítika). Det er det nordlegaste fjellet på Peloponnes. Det høgaste punktet er 1 928 moh. På fjellet ligg det eit skisenter og to kommunikasjonstårn. Snø er vanleg i områda over 1 000 meter.
Ein gamal akropolis låg på ein av dei høgaste toppane på Panakhaikó.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Panachaiko frå Engelsk Wikipedia .