Periferieiningar i Hellas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Administrativ inndeling av Hellas etter reforma i 2010. Kvar farge syner ein periferi. Grenser mellom periferieiningane er trekte i svart og kommunegrenser i kvitt.
Ei periferieining (gresk περιφερειακή ενότητα, periferiakí enótita) er ei administrativ inndeling i Hellas. Etter den administrative reforma i 2010 er landet delt inn i 13 periferiar, som igjen er delt inn i 74 periferieiningar. Mange av periferieiningane fell saman med dei tidlegare 54 prefektura, men ein del av prefektura er delt i mindre delar.