Pappos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framsida på Pappos sin Matematiske samlingar, omsett av Federico Commandino (1589).

Pappos (ca. 290 – ca. 350) var ein matematikarar frå Alexandria og den siste av dei store greske matematikarane.

Han skreiv fleire bøker, og særleg viktig er Matematiske samlingar, som berre er delvis bevart. I tillegg til originale resultat inneheld dei òg kommentarar til tidlegare verk og er derfor ei verdifullt kjeldeskrift til gresk matematikk. Av dei forskjellige resultat som er tilskriven Pappos finn ein dei såkalla tyngdepunktsreglane, seinare ofte kalla Guldin-reglane, som vert nytta til å rekne ut overflate og volum av omdreiingslekamar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]