Parakai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Parakai er ein busetnad på NordøyaNew Zealand i regionen Auckland. Han ligg 43 kilometer nordvest for Auckland, nær den sørlege utstrekkinga til den naturlege hamna Kaipara Harbour og tre kilometer frå Helensville. Folketalet var ved folketeljinga i 2006 1 371.[1]

Parakai er kjend for dei varme kjeldene sine med naturleg geotermisk mineralvatn. Det ligg ei rekkje kjelder med mineralvatn i området, og det er høve til fleire slag fritidsaktivitetar.

Dei fleste av innbyggjarane i Parakai held til i nærleiken av hovudgata, Parkhurst Road, som fører ut mot South Head. South Head-området har mykje jordbruk, mjølkeproduksjon, saueavl og hjortefarming.

Den vesle maoribusetnaden ved Haranui Marae ligg om lag 25 km frå Parakai og er rekna som ein del av Parakai-samfunnet.

Ein av dei større attraksjonane i Parakai er flyplassen Parakai Aerodrome, som har ein 760 meter lang kalksteinsrullebane . Hangarar, vedlikehald for materiell, drivstoff og andre tenester er tilgjengelege for tilreisande eller lokale flygarar, og fallskjermhopping trekkjer til seg folk frå heile Auckland-området. Ei vid rekkje av lettare flygeaktivitetar har hatt tilhald i Parakai sidan i 1960-åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Parakai har fått namnet sitt frå den nærliggjande Kaipara Harbour og elva Kaipara River - ordet «Parakai» er rett og slett ei omstokking av Kaipara for å unngå misforståing.

Den første europeiske nybyggjaren var Charles Fordyce, som flytta til området i 1875. Reservatet Hot Springs vart oppretta av sentrale styresmakter i 1881 og administrasjonen av det overlete til bystyret i Helensville - sjølv om «kjeldene» på dette tidspunktet berre var nokre gjørmehol innimellom krattet i reservatet.

Kring 1892 var det gjort mange forbetringar kring kjeldene. Skikkelege bad vart sette opp for badegjestene, eit fire-roms badehus vart òg reist i dette tiåret. Tidleg i det 20. hundreåret skaffa regjeringa til vege midlar til å utvikla kjeldene med nye bygningar og bad. Desse vart opna i 1907, og vart straks svært populære blant publikum.

I 1908 vart det første offentlege pensjonatet opna ved «Helensville Hot Springs», det same året som byen offisielt fekk namnet Parakai.

Det første større offentlege badet vart opna i 1912, saman med tennisbanar og bowlingbanar i Parakai Domain. Kort etter vart det bygd ein sportspaviljong, og dei to pensjonata som byen no hadde, var støtt overfylte av menneske som vitja byen.

Under den første verdskrigen vart to nye store pensjonat bygde, og midt i 1920-åra hadde Parakai ei oppgangstid med fleire tilreisande i helger og fridagar enn byen kunne ta hand om. Dei tilreisande ville mellom anna vitja dei varme kjeldene som hadde fått ry på seg for å lindra mange helseplager.

I 1926 gjorde symjeklubben Helensville Swimming Club bada ved Parakai til sin heimebane, noko dei framleis er. Under den andre verdskrigen var badeanlegget ein populær stad å vitja for amerikansk militærpersonell.

I 1950-åra vart byen råka av ulukker. Dei to viktigaste pensjonata brann ned i løpet av eit år, Parakai House i 1956 og Springside året etter. Bygningen Billiard Hall slapp unna brannen og vart seinare flytta til flyplassen der han tener som klubblokale og rom for fallskjermpakking.

I 1958 vart ei ny grunnskule opna, og bygningane er moderniserte i løpet av det siste tiåret.

I 2007 vart her starta bygging av eit nytt kjøpesenter.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°39′S 174°26′E