Paricutín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 19°29′34.8″N 102°15′3.6″W
Parícutin
vulkan
none  Parícutin i 1994
Parícutin i 1994
Land Flag of Mexico.svg Mexico
Region Michoacán
Kommune Uruapan
høgd 2 800 moh
skardhøgd 208 m
koordinatar 19°29′34.8″N 102°15′3.6″W
Vulkantype Sinderkjegle
Siste utbrot 1952
Lettast tilkomst Til fots
Førstestiging av -
 - dato 1943

Parícutin (eller Volcán de Parícutin, òg skrive Paricutín) er ein vulkan i form av ei sinderkjegle i den mexicanske staten Michoacán, nær den lava-dekte landsbyen med same namn. Vulkanen er unik fordi utviklinga frå han oppstod til han døydde ut vart observert og studert av menneske. Han finst på mange versjonar av lista over dei sju naturlege underverka i verda. Parícutin er ein del av Michoacán-Guanajuato vulkanfelt, som dekkjer det meste av det vestlege og sentrale Mexico. Han er òg ein del av Eldringen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tre veker før det faktiske utbrotet byrja ein å høyre buldring som minna om torevêr i landsbyen Parícutin. Det var i røynda djupe jordskjelv.[1] Vulkanen byrja som ein sprekk i maisåkeren til bonden Dionisio Pulido, den 20. februar 1943. Han og kona var vitne til det første utbrotet med oske og steinar.[1] Vulkanen voks raskt og nådde ei høgd på fem etasjar etter ei veke, og ein kunne sjå vulkanen frå avstand etter ein månad. Mykje av veksten til vulkanen skjedde det første året medan han enn ovar i ein eksplosiv pyroklastisk fase. Dei nærliggande landsbyane Parícutin (som vulkanen er kalla opp etter) og San Juan Parangaricutiro vart begge gravlagde i lava og oske, og innbyggjarane måtte flytte til landområde i nærleiken.

Mot slutten av denne fasen, etter kring eitt år, hadde vulkanen vokse seg 336 meter høg. Dei neste åtte åra heldt vulkanen fram med utbrot, men var då dominert av relativt rolege utbrot med lava som brende det omliggande området på 25 km².[2] Vulkanaktiviteten minka gradvis i denne perioden fram til dei siste seks månadane av utbrotet, då utbrota vart meir valdsame og eksplosive. I 1952 var utbrotet over og Parícutin vart roleg. Kjegla som vulkanen danna stod då 424 meter over kornåkeren der han byrja. Vulkanen har vore roleg sidan den gong. Som dei fleste sinderkjegler trur ein at vulkanen er ein monogenetisk vulkan, som tyder at han berre har eitt enkelt utbrot. Nye utbot i eit monogentisk vulkanfelt vil skje andre stader i feltet.

Vulkansime er ein vanleg del av det mekiskanske landskapet. Parícutin er den yngste av meir enn 1400 vulkanventilar som finst i Det transmeksikanske vulkanbeltet og Nord-Amerika. Tre folk omkom som følgje av lynnedslag i samband med utbrota, men ingen døydde av sjølve lavaen eller kveling.[2]

Bilete av vulkanen i den aktive fasen vart nytta i filmen Captain from Castile av 20th Century Fox, som kom ut i 1947.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paricutín