Pariserhjul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riesenrad, pariserhjul i Wien frå slutten av 1800-talet.

Pariserhjul er ein type karusell laga av eit stort, opprett hjul som kan snurra rundt, med korger langs kantane som heng slik at dei held seg beint medan hjulet spinn. Vanlegvis står hjulet loddrett, men det finst også pariserhjul som kan leggjast skeivt for ei villare oppleving. Ein skil gjerne mellom tivoli-pariserhjul som er laga for å mora seg med gyngande gondolar, og observasjonshjul som ein kan sjå ut frå og som kan ha faste, innelukka gondolar.

Mindre, menneskedrive «parisarhjul» eller loddrett karusell.

Det fyste pariserhjulet vart funne opp av amerikanaren George Ferris til Verdsutstillinga i Chicago i 1893. Hjulet var 75 meter i diameter og hadde 36 gondolar, kvar av dei med plass til 40 menneske. Tidlegare, mindre hjul som blei snurra rundt med menneskekraft er kjende frå Bulgaria alt på 1600-talet.[1] Pariserhjulet blir på engelsk Ferris wheel etter oppfinnaren. Det norske namnet «pariserhjul» har ukjent opphav, men kan visa til verdsutstillinga i Paris i 1900, der ein også hadde ein slik karusell i Grande Roue de Paris ('Det store hjulet i Paris').

London Eye, eit pariserhjul frå slutten av 1900-talet.

Seinare har fleire pariserhjul fått plass rundt om i verda. Eit av dei største er Singapore Flyer i Singapore som opna i 2008. Det har ei total høgde på 165 meter. Det erstatta rekorden til Stjerna i Nanchang på 160 meter, og før det London Eye på 135 meter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pariserhjul

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eyes in the sky, BBC News (28 December, 1999).
Spire Denne underhaldningsartikkelen som har med teknologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.