Partito Socialista Unitario

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partito Socialista Unitario (PSU), Det sameinte sosialistpartiet, var eit sosialistiske politisk parti i Italia i 1922-1930.

Partiet vart danna av Filippo Turati og Giacomo Matteotti i november 1922 av den reformistiske fløya av Det italienske sosialistpartiet PSI etter at dei vart utestengde frå dette partiet i oktober same året.

Partiet var ein sterk motstandar av Benito Mussolini og fascismen, og kom sterkt i fokus etter at Matteotti vart bortført og myrda av fascistiske paramilitære i juni 1924. PSU vart forbode i 1925, men heldt fram verksemda si illegalt under ulike namn. I juni 1930 gjekk dei inn att i PSI.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]