Patrik Sjöberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Patrik Sjöberg i 2011.

Jan Niklas Patrik Sjöberg (fødd 5. januar 1965 i Göteborg) er ein tidlegare svensk høgdehoppar. Patrik Sjöberg heldt ei tid verdsrekorden i høgdehopp før han vart slått av cubanaren Javier Sotomayor. Sjöberg sin rekord frå 1987 på 2,42 m er framleis gjeldande europeisk rekord. Den einaste som per i dag har hoppa høgare, er Sotomayor med verdsrekorden på 2,45.

Patrik Sjöberg er fire gonger europameister i innandørs-EM. I tillegg vart han verdsmeister i innandørs-VM i Paris i 1985 og har fleire medaljar frå seinare innandørs-VM. Ein av Patrik Sjöbergs største prestasjonar var då han vart verdsmeister i høgdehopp under VM i friidrett 1987 i Roma. Her hoppa han 2,38 m.

Sjöberg deltok i OL for fyrste gong under sommar-OL 1984 i Los Angeles. Her tok han sølvmedaljen med eit hopp på 2,33. Vinnaren vart vesttyske Dietmar Mögenburg. Under sommar-OL 1988 i Seoul hoppa Sjöberg heile 2,36, altså høgare enn i Los Angeles, men enda likevel på delt tredjeplass og fekk bronsemedaljen. I sommar-OL 1992 i Barcelona gjekk gullet til verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor, og Sjöberg fekk eit nytt OL-sølv. Sotomayor og Sjöberg hoppa begge over 2,34, men av di Sotomayor greidde det på fyrste forsøk, og Sjöberg på andre, vart medaljefordelinga som ho vart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]