Patti Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Patti Smith
Patti Smith performing in Finland, 2007.jpg
Patti Smith i Finland i 2007.
Verkeleg namn Patricia Lee Smith
Alias Patti Smith Group
Fødd 30. desember 1946 i Chicago i Illinois
Instrument Vokal, gitar, klarinett
Sjanger Protopønk, alternativ rock
Aktive år 1972
Yrke Vokalist, låtskrivar, poet og artist
Plateselskap Arista, Columbia
Nettside www.pattismith.net

Patricia Lee «Patti» Smith (fødd 30. desember 1946) er ein USA-amerikansk vokalist, låtskrivar, poet og artist som hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt frå 1975, Horses. Ho har vorte kalla «gudmora til pønken»[1] og var den som integrerte den poetiske beat-framføringsstilen med trestemd rock. Tilvisingane i songane hennar leidde amerikanske tenårinar til fransk poesi frå 1800-talet, medan den «ikkje-kvinnelege» språkbruken hennar utfordra disko-perioden. Smith er best kjend for songen «Because the Night» som ho skreiv i lag med Bruce Springsteen. Songen nådde 13. plass på Billboard Hot 100-lista i 1978. I 2005 vart Patti Smith oppnemnd til kommandør av Ordre des Arts et des Lettres av den franske kulturministeren,[2] og i 2007 vart ho teken med i Rock and Roll Hall of Fame.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum
Konsertalbum og EP-ar
Samlealbum

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Seventh Heaven (1972)
  • A Useless Death (1972)
  • kodak (1972)
  • Early morning dream (1972)
  • Witt (1973)
  • Ha! Ha! Houdini! (1977)
  • Gallerie Veith Turske (1977)
  • Babel (1978)
  • Woolgathering (1992)
  • Early Work: 1970 - 1979 (1994)
  • The Coral Sea (1996)
  • Patti Smith Complete (1998)
  • Wild Leaves (1999)
  • Strange Messenger (2003)
  • Auguries of Innocence (2005)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. David Chiu (29. desember 2004). Critics' Top Ten Lists. Rolling Stone.
  2. Remise des insignes de Commandeur dans l'Ordre des Arts et des Lettres (fransk). Ministère de la Culture et de la Communication (10. juli 2005).
  3. Patti Smith. Rock and Roll Hall of Fame (2007).
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.