Paul Allen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Allen (fødd 21. januar 1953 i Seattle) er ein amerikansk forretningsmann. Han grunnla saman med Bill Gates datagiganten Microsoft, og har hatt ei sentral rolle opp igjennom selskapets historie.
Allen studerte i si tid ved Washington State University, men slutta for å skriva programvare på heiltid. I 1975 var han med på å stifta Microsoft, og frå 1979 var han nestleiar i selskapet. Han var sentral i Microsoft fram til 2000, då han gjekk ut av styret.
Seinare har blant anna Allen gjort seg bemerka som eiar av dei amerikanske profesjonelle idrettslaga Portland Trail Blazers, Seattle Seahawks og Seattle Sounders.
- Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2009.
.