Pavane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein pavane var ein hoffdans for par frå byrjinga av 1500-talet i renessansen. Dansen har truleg opphav i Spania. Dansen var utført med langsame, høgtidlege rørsler i todelt takt og gjerne brukt som fordans til gaillarde. Etter 1550 gjekk pavane og gaillarde av moten (etterfølgd av passamezzo og saltarello).

Stilen vart vart vidareført av komponistar av instrumentalmusikk, særleg av virginalistane i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]