Virginal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Virginal
Virginal.jpg
Flamsk virginal (Paris, Musée de la Musique).
Merk dei innsette tangentane til venstre for midten.
Cembalo
Andre namn Virginals
Hornbostel-Sachs klassifisering 31
(Enkle kordofonar)
Speleregister

C/E til c3 (45 notar); somme italienske modellar C til f3 (54 notar)

Liknande instrument

Virginal er eit tangentinstrument i familie med cembalo. Det var populært i Nord-Europa og Italia seinmellomalderen og renessansen.

Virginalar er mindre og enklare former for cembalo med berre ein streng per note som går meir eller mindre parallelt til klaviaturet på langsida av kassen. Mange, om ikkje alle, instrumenta vart laga utan føter, slik at dei kunne setjast på eit bord. Seinare modellar vart bygt med føter.

Mekanismen til virginalar er identiske til cembaloar ved at stålstrengane vert klimpra. Kassen er rektangulær. Strengane vert klimpra nærare midten enn i eine enden, slik som i cembaloar, og dette medfører ein rikare, fløyteliknande tone.

Viriginalane vart først nemnd i skriftlege kjelder av Paulus Paulirinus frå Praha rundt 1460. Populariteten til instrumentet var størst på siste halvdel av 1500-talet til seint på 1600-talet, då det i England vart erstatta av spinett og i Tyskland av klavikord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]