Peder Olsson Brandvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Olsson Brandvold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1828
Nord-Fron kommune
Død

29. januar 1892 (63 år)
Nord-Fron kommune

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Peder Olsson Brandvold (18. desember 182829. januar 1892) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Nord-Fron i Oppland.

Brandvold var son av ein gardbrukar i Nord-Fron. Sjølv gifta han seg til garden Toksen og busette seg der. I 1863 overtok han også farsgarden. Han var medlem av heradsstyret 1860-69, i fleire år var han ordførar. Medlem av forlikskommisjonen 1871-91 og sparebankdirektør.

Brandvold representerte Kristians amtStortinget 1874-76 og 1877-79. Begge tingbolkane var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på garden sin, Toksen, i Nord-Fron i 1892.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]