Pedro de Alvarado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pedro de Alvarado

Pedro de Alvarado y Contreras (fødd i Badajoz i Spania i 1495, døydde i Guadalajara i Ny Spania 4. juli 1541) var ein av dei spanske leiarane i oppdaginga og erobringa av Amerika. Han var kjent som ein av dei beste soldatane blant conquistadorane og også kjent som ein av dei som for hardast fram mot urfolkesetnaden.

Alvarado drog til Hispaniola i 1510. Han hadde ein post i Juan de Grijalva-ekspedisjonen, som vart sendt frå Cuba til Yucatán våren 1518, og han kom attende med nyhende om rikdomane i Moctezuma IIs rike.

I februar 1519 vart han sjefsløytnant og nestsjef etter Hernán Cortés i ekspedisjonen som skulle erobra Mexico. Alvarado vart utpeika som sjef for éin av dei elleve fartøya i flåten. Rolla hans var som fyrsteoffiser for Cortés og han fekk styringa av styrkane ved Tenochtitlan, då Hernán Cortes måtte gå til åtak på Pánfilo de Narváez. Då spanjolane måtte delvis trekkja seg tilbake før det meksikanske opprøret, så leia Alvarado den bakre delen av tilbaketrekkingstroppen (1. juli 1520 - La Noche Triste) og Salto de Alvarado - eit langt hopp med bruken av spydet hans for å koma seg unna eit åtak, noko som redda livet hans og som vart berømt blant mennene i hæren.

Han vart sendt ut av Hernán Cortés med 120 menn til hest, 300 fotsoldatar og fleire hundre allierte indianske styrkar med bakgrunn i Cholula og Tlascala folka, han erobra høglanda i Guatemala i perioden 1523 til 1527.

Fyrst var Alvarado alliert med Cakchiquiel folket i erobringa av rivalane deira Quiché folket, men den harde framgangsmåten hans vekte forakt hjå Cakchiquiel-indianarane og han brukte fleire år på å slå ned motstanden i regionen. Pedro de Alvarado leia det fyrste spanske forsøket på å utvida herskeområdet deira til det området vi i dag kjenner som El Salvador i juni 1524. Spanske framstøyt vart møtt med kraftig motstand frå Pipil-indianarane og stammer blant dei Maya-språklege naboane deira. Dei vart leia av ein krigsherre som i folketradisjonen vert kalla for Atlacatl. Pipil-folket og deira allierte vann over spanjolane og tvinga dei til å trekkja seg attende til Guatemala. To påfylgjande ekspedisjonar måtte til - den neste i 1525 og den siste i 1528 - for å få Pipil-indianarane under spansk kontroll. Alvarado vart deretter utnemnt som guvernør av Guatemala av Carlos I av Spania og vart verande guvernør av Guatemala til han døydde.

I 1534 fekk Alvarado høyra historier om rikdomane i Peru, og dette fekk han til å setja i gang ein ekspedisjon sørover til Andes-området for å leggja provinsen Quito under sitt herredøme. Når han kom fram fann han ut at området allereie var under kontroll av Francisco Pizarro sin løytnant Sebastian de Belalcazar. Dei to ekspedisjonsstyrkane rauk nesten i kamp, men Pizarro gav ordre til Alvarado om å forlate området og hindra kamp mellom ekspedisjonsstyrkane.