Peer Gynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peer Gynt eit dramatisk dikt av Henrik Ibsen, skrive i 1867 og med premiere på Nationaltheatret i Kristiania den 24. februar 1876, då tonesett av Edvard Grieg. I 1947 skreiv Harald Sæverud ny musikk til diktet.

Hovudpersonen og fleire figurar i stykket er baserte på norske sogefigurar. Ibsen henta inspirasjon frå vennen Paul Botten-Hansens forteljingar, eigne erfaringar frå stipendreisa i 1862 og sist, men ikkje minst Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Stykket har mange fantastiske element, og skil seg dermed frå dei seinare realistiske skodespela Ibsen skreiv.

Ei av hindringane hovudpersonen Peer møter på, er Bøygen.

Stykket blei skrive i Roma, på Ischia og i Sorrento og kom ut den 14. november 1867 i København. Førsteutgåva blei trykt i eit opplag på 1 250, men etter 14 dagar måtte ein trykkje 2 000 eksemplar til. Dette store salet bygde først og fremst på suksessen til det tidlegare skodespelet Brand.

Peer Gynt var det siste skodespelet Ibsen skreiv på rim. Det er skrive som eit lesedrama, og var i første omgang ikkje meint å skulle framførast på scenen. Ibsen gav det sjølv undertittelen et dramatisk dikt, og dei fem aktene blir kalla 'handlingar'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]