Realismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Realisme.

Realismen er ein tanke- og kunstretning som gjorde seg gjeldande i Europa frå midten av 1800-talet. Ein reknar særleg biletkunst frå tida 1850–1870 og litteratur frå tiåret 1875–1885 med til realismen.

Realismen oppstod i Frankrike på om lag same tid som fotografiet og sosialismen. Kunstnarar ønskte å opptre som fotografiapparat ved å skildra verda slik ho var, utan overdrivne kjensler og romantikk, og ofte med håp om å forbetra den sosiale røynda.

Realismen blei vidareført gjennom naturalismen og seinare avløyst av nyromantikken.

Viktige namn[endre | endre wikiteksten]

'Gravferd i Ornans' av Gustave Courbet vakte oppsikt gjennom å skildra ei kvardagsleg hending i stor skala. Courbet sa seinare at «gravferda i Ornans var i røynda gravferda til romantikken».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]