Pegsdon Hills
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pegsdon Hills | |
|
|
|
| OS rutenettreferanse | TL12078295 |
|---|---|
Pegsdon Hills ligg sør og aust for grensa Pegsdon i soknet Shillington i det engelske grevskapet Bedfordshire. Dei dannar den nordaustlege delen av Chiltern Hills. Den hgøgaste åasen er Deacon Hill.
Det meste av området er styrt som eit naturreservat av Wildlife Trust for Bedfordshire, Cambridgeshire, Northamptonshire and Peterborough. Reservatet omfattar ikkje toppen Deacon Hill,m en omfattar Hoo Bit på andre sida av grevskapsgrensa til Hertfordshire.[1]
Delar av området kring Deacon Hill har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI), som eit døme på grasskledde kalksteinsbakkar.[2]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pegsdon Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 25. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wildlife Trust, Pegsdon Hills and Hoo Bit.
- ↑ Natural England, Deacon Hill.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Steve Blain, Pegsdon Hills - nokre bilete