Pekhorka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pekhorka
elv
Pekhorka sett frå jernbanebrua mellom Tomilino og Kraskovo
Land  Russland
Nedslagsfelt 513 km²
Lengd 42 km
Munning Moskvaelva
Kart
Pekhorka
55°50′10″N 37°52′50″E / 55.836222222222°N 37.880472222222°E / 55.836222222222; 37.880472222222
Wikimedia Commons: Pekhorka River

Pekhorka (russisk Пехо́рка ) er ei elv i Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Moskvaelva frå venstre. Elva er 42 km lang og har eit nedslagsfelt på 513 km².

Langs elva ligg byane Balasjikha og Zjeleznodorozjnyj, og dei urbanliknande busetnadane Tomilino og Kraskovo. På 1800-talet vart elva mykje nytta som kraftkjelde for bomullsfabrikkane i Balasjikha, og mange av reservoara og vassvegane eksisterer framleis.

I 1971 var elva inkludert i generalutviklingsplanen til Moskva, som mellom anna omfatta bygging av ein båtkanal aust for Moskva for å minske belastninga på den sterkt trafikkerte Moskvaelva. Pekhorka ville ha vorte ein del av Ljubertsy-reservoaret, men kanalen vart aldri bygd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]