Pelmeni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tallerken pelmeni med smetana.

Pelmeni (russisk пельмени) er ein russisk, opphavleg sibirsk matrett.[1][2]

Pelmeni er laga ved at ein kjevlar ut tynne flak med deig av mel, vatn og salt.[3] Ein kan også bruke egg, men det er ikkje naudsynleg. Deretter stikk ein ut sirklar av deigen, legg ein klatt med krydra kjøtdeig på midten og «pakkar inn» fyllet, så resultatet liknar tortellini. Deigen klemmar ein saman langs kanten.

Ordet «pelmeni» kjem frå komispråket og betyr ‘brødøyre’. Ein bruker vanlegvis å ha rømme på dei, eller matolje, og drysse over med friskt grønt, dill eller liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pelmeni, Siberian Meat Dumplings» (på engelsk). Food Perestroika. 24. juni 2017. Henta 3. oktober 2018. 
  2. «What is Pelmeni?». pelandmeni.com. Henta 30. januar 2019. 
  3. «Пельмени. Рецепт с фото» (på russisk).  (oppskrift med bilde)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]