Peptidoglykan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Peptidoglykan i ein cellevegg. Merk peptidbindingane mellom aminosyrekjedene i NAM.

Peptidoglykan eller murein er ein polymer av to sakkarid; N-acetylglukosamin (NAG) og N-acetylmuraminsyre (NAM). Stoffet finst i celleveggane til nesten alle bakteriar, i fleire kjeder som bind seg til kvarandre med aminosyrene i NAM si sidekjede. Penicillin fungerar nedbrytande på peptidoglykan og er difor effektivt mot mange bakteriar.

Arkebakteriar manglar peptidoglykan og har i staden pseudopeptidoglykan, kor NAM er bytta ut med N-acetyltalosaminuronsyre (NAT). Dette stoffet har òg sidekjeder av aminosyrer.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.