Per Erik Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Erik Monsen
Fødd18. april 1946
Død16. februar 2008 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Per Erik Monsen (18. april 194616. februar 2008) var ein norsk skulemann og politikar frå Sandefjord, som representerte Framstegspartiet og Vestfold fylkeStortinget frå 1997 til 2005.

Monsen arbeidde ei tid ved Framnes mekaniske verksted i Sandefjord, før han åra 1974-77 utdanna seg på lærarskule. Frå 1978 var han lærar på Fevang skole i heimbyen, til dess han i 1997 vart vald til stortingsrepresentant.

Monsen engasjerte seg i lokalpolitikken frå midt på 1980-talet, mellom anna var han i tolv år nestleiar i bygningsrådet. Frå 1990 til 1997 var han varaordførar i Sandefjord. Ved stortingsvalet 1997 sikra han seg plass på Stortinget frå Vestfold, og vart attvald i 2001. Alle åtte åra på Tinget var han medlem i Finanskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]